Vårt syn på kommunesamanslåing

Kva meiner MDG om kommunesamanslåing? Programmet vårt seier ikkje noko om dette, og veljarane vil sjølvsagt vite kvar me står i denne saka.

 

august 30, 2019

Vårt standpunkt er at me ønskjer at Osterøy heldt fram som eigen kommune. Etter vårt syn veg ikkje fordelane ved samanslåing opp for ulempene. Dersom (eller snarare når) kommunesamanslåing kjem opp i den komande perioden, vil me jobbe for ei folkerøysting. Me ønskjer eit tydeleg bilete på kva innbyggjarane meiner i eit så viktig spørsmål.

Den økonomiske situasjonen i kommunen er høgst alvorleg. Evna politikarar og administrasjon har til å samarbeide godt og dra i same retning den komande perioden, vil vere avgjerande for om Osterøy kan bli økonomisk berekraftig i framtida. Her er me klare til å bidra. Sjølv om det vil medføre knallharde prioriteringar og omstillingar, meiner me det er naudsynt å kjempe for Osterøy som sjølvstendig kommune.